Matsalen

Matsalen ligg i kjellaren på Flåm Samfunnshus og er eit stemningsfullt rom som passar til store og mellomstore arrangement. Med eige kjøkken og toalettfasilitetar, er dette eit praktisk og sjølvstendig lokale som gjer det enkelt å gjennomføre både barnebursdagar, familiefestar og andre selskap i trivelege omgjevnader.

Rommet har god plass og fleksibilitet, noko som gjer det lett å tilpasse for ulike typar aktivitetar, frå leikar,  underhaldning og dans, til måltid og sosialt samvær. Kjøkkenet gir moglegheit til enkel servering og toaletta i same etasje gir praktisk tilgang for gjestane, noko som skapar ein smidig flyt i arrangementet.

Med si gode romfølelse, er Matsalen i kjellaren eit populært val for feiringar og samlingar som krev eit romsleg, men likevel samlande lokale.

Ca. 100 - 150 pers 

Matsal                                                                    1500 kr

Barneselskap u/kjøkken.                                      500 kr

Barneselskap m/kjøkken                                      750 kr