Teater Vestland
Fredag 25.september kl 18.00 er Teater Vestland tilbake i Flåm Samfunnshus. Denne gongen med førestillinga "Den dagen Nils Vik døde" av Frode Grytten.
Som det første teateret i landet tar Teater Vestland Nils Vik til scena.
Ein småsur novembermorgon dreg skysskaren Nils Vik på ei siste reis ut fjorden. Motoren går som alltid, litt stotrande og sta, akkurat som han sjølv. Hjartet slår i takt med båten han har levd med heile livet. Dette er ikkje berre ein tur. Det er finalen.
Frode Grytten er kjend for den unike evna si til å teikna treffande mini-portrett av folk. Den dagen Nils Vik døde har vunne både Brageprisen og Bibliotekets litteraturpris, og den dukka opp på mangfaldige lister over årets beste romanar då den blei utgitt i 2023. Boka er selt til meir enn tjue land.
Billettar kjøper du på Program – Teater Vestland

