Festsalen

Festsalen i Flåm Samfunnshus er ein romsleg og fleksibel sal. Med kapasitet til omlag 250 personar kan salen tilpassast mange typar arrangement. 

Festsalen er ideell til feiringar som dåp, konfirmasjonar, bryllaup og jubileum. Med eit nyoppussa kjøkken, kan ein enkelt tilpasse serveringa etter behov. Den nyinnreia baren gjer det lett å servere drikkevarer, og kan også brukast til å organisere eit kosleg minglingsområde.

Til større offentlege arrangement fungerer festsalen som ein komplett arena. For konsertar, show eller kulturkveldar kan scena settast opp med lyd og lys, og rommet er godt eigna til både sitjande og ståande publikum. Dei nye sanitærromma gjev god komfort for gjestar, og saman med baren og kjøkkenet blir festsalen eit praktisk og funksjonelt lokale til alt frå folkefestar, basarar og konsertar til dansefestar og lokale markeringar.

Ca. 250 pers

Pris 2000 kr

Inkluderar kjøkken, ved billettsal 10% av billettinntektene