Teater Vestland
Set av datoen 20. mars. Då får me besøk av Teater Vestland med førestilinga "Ei verdsomsegling under havet" Ei eventyrleg, mystisk og morosam reise ned i havets djup, basert på Jules Verne si klassiske forteljing.
Professor Arronax og kvalfangaren Neddy er på jakt etter eit sjøuhyre, men dei oppdagar raskt at det finst endå meir uhyrlege ting der nede i det store blå. Dei støyter på den underlege ubåten Nautilus, der kapteinen om bord, Nemo, har ein skummel plan som gjer at Arronax og Neddy aldri igjen vil sjå land. Blir dei borte for alltid, eller klarer dei å stanse Nemo?
I Teater Vestland sin versjon av Ei verdsomsegling under havet – kaptein Nemos hemn er havet djupare og vakrere enn nokosinne, og Kaptein Nemo har endå mørkare hemmelegheiter. Bli med oss på den spennande ferda!
Sidan ingen vaksne har full oversikt over kva som finst der nede i djupet, har vi måtta setje vår lit til barnas fantasi. Barn langs turnéruta har teikna havets hemmelege kryp og vesen, og så har verkstadene våre gjort sitt beste for å lage dei.
Passar for heile familien frå seks år og oppover.
Denne er ein del av bygdehusturneen Lys i bygda. Konseptet heiter «Betal det du kan», og betyr at du som publikummar sjølv vel kva billetten skal koste. Du kan velje mellom fleire prisklassar: kr. 150, 200, 250, 300, 350 – eller ein solidaritetspris på 500 kroner for deg som ønskjer å støtte litt ekstra.
På Lys i bygda-turneen går billettinntekta til det lokale bygdehuset – det er dei som står som arrangør. Takka vere støtte frå Sparebank 1 Sogn og Fjordane er det mogleg for bygda å tene pengar på kulturopplevinga, utan å ta økonomisk risiko.
Du vel prisen – bygda får inntekta – og vi får møtast i teateret. Eit inkluderande teater er eit rikt teater. Velkommen inn!

