Flåm Samfunnshus
VÅRT TILBUD
Enten du planlegg ein bursdag, bryllaup, møte eller bygdefest, er Flåm Samfunnshus det ideelle valet for ditt neste arrangement!

Festsalen
Dette er det største rommet i Flåm Samfunnshus, med plass til om lag 250 personar. Her finn ein eit nyoppussa kjøkken, romsleg bar, scene og nye sanitærrom, noko som gjer det ideelt for store arrangement som bryllaup, jubileum, bygdefestar, konsertar og offentlege samlingar. Storsalen har ei varm og innbydande atmosfære som passar til både fest og formelle hendingar.

Vetlesalen
I øvste etasje finn ein Vetlesalen, eit intimt rom med plass til 30–40 personar. Med skjerm for presentasjonar og ein roleg atmosfære, passar dette rommet godt til mindre samlingar som styremøte, kurs, seminar og mindre private arrangement. Det er perfekt for dei som treng eit mindre og komfortabelt lokale med praktiske fasilitetar.

MATSALEN
I kjellaren finn ein Matsalen, med eige kjøkken og toalettfasilitetar, og har plass til rundt 100-150 personar. Matsalen eignar seg godt for mellomstore arrangement som barneselskap, bursdagsfeiringar, foreiningstreff eller uformelle samlingar.